Diverre trur eg redselen øydelegg langt fleire liv nett no, enn det reelle dødstal skulle tilseie.

Av

"I sligt et Veir, da faaer du Bønner, Gud!"

Henrik Wergeland blir gjerne sitert med desse orda av og til. Eit sitat henta frå det gripande diktet «Juleaftenen» - eit wergelandsk rop mot samfunnet - og hans samtid - sitt jødehat.

Sitatet renn gjennom hovudet mitt.

Ikkje fordi veret er dårleg.
Heller ikkje fordi eg er så oppteken av jødane sin situasjon nett no.
Men på grunn av situasjonen. Samtida. På grunn av desse tidene som vi omtalar med det som har vorte ein språkleg floskel eg ikkje vil setje på trykk.

Kanskje ville Wergeland sagt noko slikt som:
«I disse tider, da får du bønner, Gud!»
Men eg trur han ville utvikla det han deretter ville kommentere, med vesentleg meir bruk av si meisterlege poetiske kraft.

Eg vil omtale det som hender rundt oss nett no som «Situasjonen».
Vi fekk ein ny situasjon inn over oss. Av den grunn trur eg mange ber til Gud no.
Som det var på Wergeland si tid i dårleg ver:

Et Veir, som rysted
den Stærkes Hjerte i dets Skjul i Brystet,
et Himmelveir, hvori sit eget Navn
han paaraabt hørte
af Aander, Stormene forbi ham førte,
mens hver en Trætop hylte som en Ravn?

Men Ravnen gjemte
sig selv i Klippen, Ulven Sulten tæmte,
og Ræven vovede sig ikke ud.
I Huset sluktes
hvert Lys, og Lænkehunden indeluktes . . .
I sligt et Veir, da faaer du Bønner, Gud!

Situasjonen kallar på så mange reaksjonar denne våren.
Personleg gjer det ikkje så stert inntrykk på meg at media kunngjer tal på døde kvar einaste dag. Desse tala er uansett berre ørsmå promillar av dei alle som døyr nett denne dagen. Dette strekar under det fire tiår som prest, og fleire gravferder enn eg har makta å halde tal på, har lært meg: Døden kjem til oss alle. Ein pandemi endrar ingen ting i så måte.

Derimot gjer det eit veldig sterkt inntrykk på meg å møte mange menneske som heilt tydeleg er redde. Veldig redde for situasjonen vi er komne opp i. Redde for sjukdom. Redde for smitte. Redde for død. Redde for å møte andre menneske. Redde for å gå ut.

Eg trur slike redsletankar er meir øydeleggjande for livskvaliteten til dei fleste av oss enn kva sjukdomen faktisk fører med seg.

I ein slik situasjon må vi våge å be om hjelp.
Be gjerne til Gud. Eg trur han høyrer «i slikt vær»

Men be også hjelparane rundt oss om hjelp.
Sjølvsagt hendlar det om dei som samfunnet har stilt opp for å vere hjelparar. Mange av dei får betalt for det, og betalinga har dei verkeleg gjort seg fortente til.

Men om du ikkje får, eller må vente på, profesjonell hjelp, så våg i mellomtida å snakke med andre om redselen. Om redsel som kan ha høgst legitim grunn. Om redsel som du med hjelp av andre sine øyrer og auge kan kome deg ut or. Fortel om det som plagar deg. Om einsemda. Om saknet etter dei du ikkje har sett på lenge.

Mens vi ventar på at situasjonen skal verte avklåra, og endre seg til noko betre, er det min påstand, og mitt ynskje, at vi må bruke mykje meir kraft på å dempe redsel, enn til å spreie frykt.
Statistikkar og grafar er nødvendige. Dei som er opptekne av dette, og har bruk for det, kan oppsøkje det veldig lettvint. Men i kombinasjon med spekulative TV-bilete og overflod av «forståsegpåarar», eller rein konspirasjon, synest alt dette å verte i overkant for mange av våre medmenneske.

Diverre trur eg redselen øydelegg langt fleire liv nett no, enn det reelle dødstal skulle tilseie.

helsedoden
E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig