I dagens leiar skriv Vårt Land: "Det er lett å forstå sinnet og frustrasjonen til disse få antirasistene som går over streken i møte med Sians menneskefiendtlige ideologi."

Av

Dagens leiar i Vårt Land kan lesast her.

Så svært få var det ikkje som braut politisperringane i Bergen eller som skadde politibilane i Oslo. Å kalla dei "antirasistar" er vel også misvisande, for alle kunne sjå at det var innvandrarungdom frå det utvida Midtausten.

Men kva utløyste t.d. angrepet i Bergen? I fylgje ein NTB-artikkel  som Vårt Land sjølv har publisert, var det dette:

"Han sa grusomme ting om islam og Koranen. Vi synes det er vanskelig å  forstå hvorfor det er lov å si slike hatefulle ting. Vi ville stoppe  ham. Men det gikk altfor langt, sier 19-åringen.

I en video NTB  scanpix tok opp under demonstrasjonen går det fram at angrepet på  Sian-lederen skjedde rett etter at Thorsen omtalte Muhammed som en  «falsk profet». Det samme har et vitne bekreftet til VG." 

Er det etter Vårt Land si meining "umenneskeleg" å hevde at Muhammed er ein falsk profet, dvs at han ikkje fekk seg openberra noko guddommeleg bodskap? Og kva meiner Vårt Land sjølv om Muhammed?

Poenget her er ikkje kva muslimar trur, men kva vi andre skal få lov til å meine og seie høgt. I kristen samanheng har aldri Muhammed vore godteken som profet, men derimot sett på som stiftaren av ein religion som gjennom hundreåra har forfølgd og fornedra kristne på verste vis og gjer det framleis i store delar av verda.

Viss Vårt Land har eit anna syn på Muhammed enn som "falsk profet", er det oppsiktsvekkjande.

livssyn
E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig