Enkelte ser ut til å meina at vi har slutta å snakka om synd i DNK. Det er ganske langt frå sanninga.

Av

«Me får finna oss i at synda har komme til jorda, men me vil ikkje ha henne i fargar». Dette legendariske sitatet er tidlegare kringkastingssjef Einar Førdes karikatur av dei som var mot innføringa av fargefjernsynet på begynnelsen av 70-talet. Eg kom til å tenka på det då eg leste «Ukestart» av lektor Liv Osnes Dalsbakken mandag 14. september om kva vi torer å snakka høgt om i kyrkja. For kva er synd? Er det så svart-kvitt som vi trur, eller er det nokre nyansar her? Vi snakkar framleis om synd i 2020, men vi snakkar annleis om den (heldigvis!) enn vi gjorde før. Eg vil faktisk påstå at vi snakkar om synd kvar einaste gudsteneste og kvar einaste konfirmanttime.

Osnes Dalsbakken gjer er eit heiderleg forsøk på å nyansera sokneprest Bjarne Gustads konfirmasjonspreike som etter kvart har fått solid omtale både i Vårt Land, på sosiale medium og i NRK. Osnes Dalsbakken prøver å trekka fram nokre generelle poeng ut frå det Gustad sa både i preika og i debatten etterpå. Vi er heilt samde i at tid, tilhøyrarar, stad og tema ikkje gjekk opp i ein høgare einskap i denne konfirmasjonspreika. Eg er usikker på kor skribenten vil vidare.

Osnes Dalsbakken prøver å møta Gustad på dette med å våga å snakka om synd. Ho skriv: «Uansett hvordan man stiller seg til Gustads konfirmasjonstale, er det en kjensgjerning at forkynnelsen … har dreid bort fra fokus på dom og omvendelse. Dagens forkynnelse fokuserer på Guds betingelsesløse kjærlighet og nåde (…) Og godt er det. Men ord som fortapelse og troen på livets to utganger blir sjelden nevnt, i alle fall i Den norske kirke. (…) Dermed nærmer vi oss en forståelse av den kristne tro som i ytterste konsekvens fremstår som irrelevant og tannløs. Jesu frelsesverk blir overflødig når jeg er god nok som jeg er». Det er sikkert meint som ein litt karikert og forenkla beskrivelse av korleis prestar i DNK forkynner i 2020. Problemet er at det er langt frå sanninga.

Det er ikkje sant at vi ikkje snakkar om synd i kyrkja lenger. Det gjer vi kvar søndag, når vi bøyer oss for Gud og sannar syndene våre. Der seier vi mellom anna: «Gud, vær meg nådig! Jeg har syndet mot deg og sviktet min neste – med tanker og ord, med det jeg har gjort og med det jeg har forsømt.» Det fine med akkurat denne syndsvedkjenninga er at den ikkje berre fokuserer på det vi har gjort, men også på det vi ikkje har gjort, eller det vi altså har unnlatt å gjera eller valt ikkje å gjera. Det er ei utruleg seigliva forestilling i enkelte kristne miljø at synd først og fremst handlar om det vi har gjort. Og aller mest det vi har gjort innanfor bestemte rammer, og aller mest det som har med sex å gjera – og konsekvensane av det. Det var jo nettopp desse temaene preika til Gustad krinsa rundt: homofili, abort og kvinner som finn seg nye menn. Når eg bøyer meg og sannar syndene mine kvar søndag, handlar det for meg meg like mykje om det eg har forsømt: at eg ikkje har hjelpt andre menneske, at eg ikkje har gitt så mykje som eg burde, at eg har snudd meg vekk frå menneske som trong meg, at eg har lukka augene og latt likesæla ta meg. Og dessutan; synd handlar ikkje berre om det vi gjer, men like mykje om det vi er.

Det betyr følgande: når eg snakkar om synd i kyrkja, handlar det ikkje om gammal peikefingermoral om seksuelle preferansar. Det handlar om langt viktigare ting enn det. Når eg snakkar om synd, handlar det om øydelagte relasjonar, misbruk, menneske som har blitt utnytta, alt vi ikkje får til i livet, urettferda i verda, alle ting vi gjer og er, og ikkje gjer og ikkje er. Eg er skikkelig lei av prestar og andre forkynnarar som snakkar om synd som noko som i hovudsak angår dei andre, og som bruker preikestolen til moralpreiker om alt vi ikkje skal driva med. Vi må snakka om den synda som gjeld oss alle: At vi ikkje klarer å leva det livet vi skulle fordi noko er øydelagt i oss og mellom oss.

Eg har aldri sagt at nokon er gode nok som dei er og at dei ikkje treng Jesu frelsesverk. Men eg har sagt at menneske er gode nok som dei er for dette livet, for dette fellesskapet, i den ungdomsgjengen dei er ein del av, i det idrettsmiljøet dei går i, i den klassen dei går. Jesus reiste menneske opp når han møtte dei. Han gav dei tru på at dei betydde noko og var verdifulle. Og han sa også ofte til dei han møtte, at dei skulle gå bort og ikkje synda meir, altså prøva å få eit betre liv – fordi det dei hadde gjort, øydela andres liv og relasjonar. Det er det synda handlar om, at vi øydelegg for kvarandre.

Vi må få bort den moralske, pripne peikefingeren som fortel oss at det og det er synd og at fortapinga ventar om vi gjer slik og slik eller meiner det eller det. Kven av oss klarer å la vera å synda? Vi er alle syndarar, og vi har alle kvar dag bruk for Guds nåde og Jesu frelsesverk. Dei prestane som snakkar om dette kvar søndag, er mykje modigare enn dei som leksar opp enkeltsynder (som helst ikkje angår dei sjølve) og dømmer andre nord og ned. Eg trur ungdom og vaksne i 2020 er veldig klar over at synda finst. Det erfarer dei og vi kvar einaste dag i relasjonar vi står i, og i den verda vi er ein del av. Det er faktisk ikkje vanskeleg å snakka om synd i vår tid. Og vi gjer det. Den norske kyrkja er ikkje rungande taus om synda. Det er ei vrangforestilling. Men vi snakkar (heldigvis!) meir nyansert om den enn det blei gjort i bedehus og kyrkje for 30 år sidan, vil eg påstå. Vi må snakka om synda som eit system og ikkje som eit sett med enkeltsynder som stort sett handlar om sex. Så, kva torer vi å seia høgt i Den norske kyrkja? Jau, at synda finst og har ramma oss alle, og at Guds nåde finst og gjeld oss alle. Er det så mykje meir å seia?

kirke
E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig