Av

Det er strid om jordalderen. Nokre trufaste bibellesarar held fast på at verda vart skapt på seks dagar. Andre meiner at det er påviseleg at altet og jorda må vera millionar av år gamle. Og dei som trur på Bibelens bokstav får bry med å fastslå jordalderen til berre 6000 år. Naturen synest å visa ein langt høgare alder.

Evolusjonistane avviser ung-jordteorien på det sterkaste. Dei må ha mange millionar år for å få reknestykket til å gå opp. Men dei har likevel bal med å få tinga på plass på ein truverdig måte. Evolusjonsteorien er bygd på at alt er på slump. Det er dei tilfeldige variasjonane i materien og eit veldig tidsspenn som skal frambringa alt det «skapte». Alt skal ha starta med «urcella» som har vitta på seg eit enormt mangfald, og sjølvstyrt har utvikla seg til det me ser av jordisk natur og liv. Men det me kan observera i naturen talar sterkt i mot ei slik hendingsrekke. Teorien lovar mangfald og auke i variasjon og breidde, men slik er det ikkje, for røyndomen er motsett. Mammutar, pungulvar og geirfuglar finst ikkje lenger. Det etterlyste Missing Link som skulle byggja bru mellom det primitive apemennesket og homo sapiens er framleis missing. I dyreverda saknar me framleis mellomformene. Det som liknar mellomformer viser seg å vera eigne arter. Det har tvert om vore ei sterk nedtrapping av artsmangfaldet heile tida sidan dyreverda oppsto – der det i 1 Mos blir sagt om skapingsakta:

«Det skal yrja og aula med liv i vatnet…»  Likeins har den tilfeldige, u-styrde utviklinga av artane ikkje skjedd. Ein skulle tru at når alle artar i dyreverda vart frislepte – ville det bli ei grå blanding og berre eitt eller få dyreslag vinna fram. Men slik er det ikkje. Det vart sett sperre mellom dyreartane så kvar art får ha sitt sine sertrekk i fred. Som heiter i skapingssoga gong på gong: «Kvart etter sitt slag…»

Evolusjonsteorien med sin makro-evolusjon må skrotast. Mikro-evolusjonen er det ingen som motseier. Men den kan ikkje forklara korkje startskotet for altet eller livet.

Eit anna forhold som slår beina under Evolusjonsteorien er at den ikkje greier å finna ein rimeleg forklaring på kvifor daud materie skulle ha i seg noko slags tildriv for å danna kompliserte og målretta aktivitetar og livsytringar. Evolusjonsteorien er jo definert som tilfeldig, vilkårslaus og utan ytre styring, plan, mål og meining. Kor kjem då medvitet og instinkta frå?  - Alle dei ufattelege målstyrte operasjonane i naturen – i plante- så vel som i dyrelivet  - som leier planter, kryp og dyr til kompliserte handlingsmønster og gjer at dei overlever? Og kor kjem den ubendige livsviljen frå? Skulle det ikkje vera det same for eit karbonmolekyl om det skulle slå seg saman med det eller hint molekyl? Teorien manglar forklaring på den ustyrlege livsviljen me ser i all naturen – som skulle vera daud substans utan mål og meining.

Men det er ei side ved desse tankane som aldri har vorte framhaldne: Tidsdimensjonen. Me er vel vane med ein-to-og tredimensjonaliteten. Også den 4.dimensjonen er me forholdsvis fortruleg med: Tida. Og me har vel også ei aning av den 5. dimensjonen – den tidlause ævedimensjonen som var før tida oppsto, og som skal rå etter at vårt tidshushald er sluttført.  «Han gjekk ut or tida…» er eit vanleg uttrykk – som viser at me reknar med ei ettertid bak død og grav.

Men som ved dei første kjende dimensjonane er det uråd å sjå over kanten til neste tilvere - ein høgare dimensjon. Men me skjønar at Gud som var før, som nå er, og som alltid skal vera – han er bak , over og føre oss i vårt tidsrom og kan bryta inn både framover og bakover i tida. For han er alt presens: Nå.

Då er spørsmålet om ikkje Gud fleire gonger har kome inn og «tukla» med tida? Bibelen fortel om då «sola sto stille», Josva 10,13.  Tida var oppheva eller tilbakekalla. Kva kunne her ha skjedd? Kva verknad kunne  slikt hatt for universet og jorda i eit «tidsrom» utanom vår dimensjon – eit nåtidspunkt der universet var tidlaust?

Dei «1000 år som ein dag»  i fylgje 2 Peter 3,8.  – Korleis kunne det verka inn på all skapningen?

Kan dette vera ei forklaring på det uforklarlege med jordalderen og skapingssoga?

livssyn
E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig