Vårt Land hadde nyleg ein omtale av Dagfinn Ullestad si ferske bok «Mot en grense. Fra troende og prest til sekulær humanist. En eksistensiell beretning».

Av

Tre slags religionskritikk

Oddbjørn Leirvik, professor, Det teologiske fakultet

Boka gir eit djuploddande innblikk i forfattaren si trusreise – frå kristen oppvekst via mange års presteteneste og fram til det Ullestad kallar ei «grense», der den kristne tradisjonen ikkje lenger gir personleg meining. Boka er såleis eit stykke fråfallshistorie, der forfattaren kjempar ein jakobskamp med Gud, men (slik han formulerer det) endar opp med ikkje lenger å ha guds blikk over sitt liv.

I sin omtale av boka seier Per Eriksen at boka er spennande som fråfallshistorie, men ikkje så interessant som religionskritikk. I den tredje og siste delen av boka finn vi eit kapittel som har tittelen «Religionskritikk» der Ullestad løftar fram Andreas Edwien (1921-2015) som ein av dei skarpaste religionskritikarane i norsk kontekst. Edwien vart ikkje tatt på alvor av det teologiske etablissementet, men hans spissformulerte religionskritikk er nok representativ for mange.

Men kva slags religionskritikk er det Edwien står for? Den sekulære humanisten Bertrand Russell skil på 30-talet mellom «intellektuell» og «moralsk» religionskritikk der den førstnemnde kritikken er rasjonalistisk og den andre meir politisk i sin karakter. Edwien representerer begge dei to formene for religionskritikk, symbolisert ved boktitlar som «Dogmet om Jesus» og «Er kristendommen en fare for verdensfreden?»

Ullestad passar ikkje heilt inn i dette mønsteret. Boka hans har innslag av både intellektuell og moralsk religionskritikk. Men først og fremst opplever eg kritikken hans som eksistensiell (slik boktittelen også antyder). Den grunnleggande erfaringa er at den kristne tradisjonen – for han – ikkje har vore berekraftig i livskrisene. Men kritikken er ikkje berre personleg, den er også kulturhistorisk slik det kjem fram i Ullestads kritikk av den fryktskapande domstanken og helvetesførestillingane i kristen tradisjon.

Eit spørsmål som melder seg i all religionskritisk litteratur, er om det religionen blir kritisert for berre er «misbruk» eller om kritikken impliserer at dei religiøse tradisjonane i seg sjølve er skadelege. Edwien meinte klart det siste. Ullestad er meir nyansert og koplar sin kritikk av sentrale element i den kristne tradisjonen til ein djupt personleg kritikk som speglar at religionen for han har mist sin relevans.

Kanskje ville religionskritikken bli meir sakssvarande om vi skilde mellom eksistensiell, moralsk og intellektuell kritikk. Slik eg ser det, er det nettopp i skjeringspunktet mellom personleg erfaring og reflekterande kulturkritikk at den mest spennande religionskritikken finn si form.

livssyn
E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig