Under tittelen "En stadig vanskeligere bekjennelse" skriv Tor Martin Ødegaard at folk har fleire gode grunnar for å vende kristendommen ryggen.

Av

Ødegaard nemner m.a. lukka og fordomsfulle frikyrkjelege miljø, manglande forståing blant kristne for lesbiske og homofile, sympati for 'lygnaktige' Trump og ikkje minst støtte til ytre høgre:

"Kanskje er det verst med de kristne miljøer som støtter opp under nettsteder for ytre høyre, som f.eks. Document.no der Fjordmann legger ut sine «prekener»"

Denne grunngjevinga har Vårt Land funne så vektig at artikkelen er publisert også på nettsida til avisa.

Toppstyrte miljø er ikkje spesielt for kristne. I Arbeidarpartiet si stordomstid sa landsfader Gerhardsen at "noen av oss har snakket sammen", og då var saka i realiteten avgjort. Eg er elles samd i at innsyn er viktig og lukka miljø skadelege, same kvar dei finst.

Det er ikkje berre homoterapi i kristen samanheng som treng kritikk og innsyn, men også LHBTI-aktivistar og Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Trump er ikkje alltid så korrekt i detaljane, men historieprofessor Niall Ferguson (37 minutt ute i dette intervjuet) meiner han vart vald fordi han sa sanninga om dei viktige sakene, m.a. at globalisering og innvandring tener berre dei som er rike frå før.

Document er konservative og vil bevare nasjonen Noreg, men høyrer ikkje heime på "ytre høgre" fløy. Redaksjonen er meir samd med Sigurd Skirbekk, som sa det slik i boka Nasjonalstaten: "Å være for velferdsstaten, men mot nasjonalstaten, det er ikke progressivt. Det er selvmotsigende."

Men framfor alt bør Ødegaard, som skuldar andre for lygn, sjølv vere sannferdig. Eg har skrive om lag femti artiklar på document.no, men framfor alt lese dei fleste andre som har stått der siste ti åra. Nokon artikkel av "Fjordman" har eg til gode å sjå, men om så var, må også hans synspunkt bli vurderte på grunnlag av kva fakta og slutningar dei byggjer på.

Ødegaard skriv dette om korleis han prøver å unngå å støyte folk frå seg:

"Når jeg kommer opp i samtaler der det er naturlig å bekjenne min tro, har jeg begynt å forklare meg, og unnskylde meg, slik at jeg ikke fremtrer som en intolerant person som deler ytterliggående synspunkter."

Dette er vel ikkje heilt i tråd med kjernen i Jesus sin bodskap.

kirke
E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig