-Kan det vera at me som trur på Jesus Kristus heller burde bruka eit betre og rettare uttrykk for å forklara kva me er, spør tidlegare sokneprest i Riska og Høle, Bjarne Saltveit. Er me ikkje heller på Vegen?

Av

Dette innlegget har tidlegare vore presentert i "Kontakt", kyrkjelydsbladet for Høle og Riska. Tekst: Gaute Sigmundsen

-Eg har merka meg at orda "kristen" og "kristne" ikkje betyr det same for alle, fortel Saltveit. -Det er gjerne slik at me har ulike opplevingar og meiningar om kva dette er. -Burde me ikkje derfor tenkt oss om og skifta orda ut med noko som tydelegare fortel at me følger etter Jesus ?, spør han.

-Ved å søkja i bibel.no ser me at Vegen er brukt fleire gonger som ein slags merkelapp eller omtale om dei som følger Jesus, forklarar Saltveit vidare. Han seier at omgrepet Kristen er lite brukt. -I ettertid er omgrepet veldig mykje brukt, sjølvsagt. I alle land er kristen merkelappen på ein som trur på Jesus. Eller er det det?

Kvifor spør du om det, er det ikkje slik då? - Jo, det kan godt vera, eller rettare; det er slik, men alle meiner ikkje det same når dei høyrer eller bruket ordet. Meininga om dette kan svinga frå det heilt positive til det motsette. Om ein har hatt dårleg erfaring med ein som kallar seg kristen, blir det fort overført til trua på Jesus. Då kan ein nærmast gå i vranglås når ordet blir brukt. Sjølvsagt blir haldninga motsett om ein har hatt god erfaring med kristne.

I eit oppslagsverk står det slik om ordet Kristen: særleg om personar som vedkjenner seg til kristendommen, som vil leva etter Kristi lære. Er ikkje det tydeleg nok då? Jo viss det var slik at alle la akkurat dette i ordet, men slik er det kanskje ikkje alltid, meiner Saltveit.

-Den som er på Vegen, er på den kjærleiksvegen Jesus viste oss. Det kan jo bli ganske konkret, seier Saltveit, og det kan bli krevjande. Jesus var ganske tydeleg på at me må våga å seia i frå, våga å risikera utfordringar for å kunna likna på Jesus. Han ga livet sitt for oss, så kjærleiksvegen hans er ikkje nødvendigvis den lettaste.

Både for presten og andre som er på jesusvegen, er det viktig å tenka på kommunikasjon når det skal forteljast om Jesus og kva han gjorde for oss, fortel soknepresten. Viss ordet kristen vekker dårlege minner om kristne som har gjort eit eller anna feil, eller om prestar og kyrkjeleiing som ein meiner er på ville vegar, kort sagt kjem i vegen for Den
Gode Bodskapen, då bør me vel tenka nytt?, spør Saltveit.

-Jo meir eg har tenkt på dette, jo klarare står det for meg at me absolutt bør vurdera "Jesusvegen" som eit alternativ til "kristen". Eg kan ikkje seia at eg har vore klar over dette så lenge, innrømmer Saltveit, men nå vil eg prøva ein omstart.

Omstart er viktig når datamaskinen har det vanskeleg. Det kan kanskje vera nyttig og nødvendig for oss og, å ta nye grep for å halda oss på Vegen. Derfor oppfordrar eg til å svara "eg er på Jesusvegen" når det passar, for å presisera at me held oss til Jesus. La ikkje vanskar med eit ord eller omgrep gjera det utydeleg.

kirke
E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig