I Per Pettersons nye roman heng ei udefinerbar skuldkjensle som eit duvande slør i rommet. Romanpersonen Arvid Jansen kjenner Guds blikk i nakken.

Av

«Jeg bestemmer sjøl når det skal gjøre vondt, tenkte jeg, det har jeg alltid sagt og alltid ment, men jeg er plutselig ikke så sikker.» Sitatet frå Per Pettersons nye roman, Menn i min situasjon, viser både konsistensen og forskyvingane i eit av Noregs mest interessante forfattarskap. I Ut og stjæle hester frå 2003 hadde setninga «Du bestemmer sjøl når det skal gjøre vondt» ei nøkkelrolle, i ei forteljing der far-og-son-forholdet stod sentralt i handlinga. Denne gongen er romanpersonen sitt forhold til døtrene, og til seg sjølv, eit brennpunkt.

I den nye romanen har Petterson endå ein gong vendt attende til romanpersonen Arvid Jansen, som med unntak av Jeg nekter frå 2012 har følgd forfattaren sidan debutboka i 1987. Sjølv bestseljaren Ut og stjæle hester, som ikkje handlar om Arvid, verkar i Pettersons romanunivers å vere skriven av denne romanpersonen. Opningsavsnittet i denne internasjonalt prisløna boka stod på trykk allereie i romanen som kom ut tre år før, I kjølvannet. Samanhengen mellom Pettersons mange og sterke bøker kan vere på grensa til skremmande.

LES MEIR: Melding av Per Pettersons Jeg nekter

Skilt mann

I Menn i min situasjon er forfattaren Arvid på bar bakke, kasta ut i eksistensiell krise etter skilsmissen frå kona. Skilsmissen høyrde vi sist om i Jeg forbanner tidens elv (2008). Den nye romanen tek opp tråden året etter. Slik søkket etter gifteringen framleis pregar fingeren, er også Arvid prega, om han enn prøver å skjule det gjennom kvilelause turar på byen og køyreturar rundt på diverse småvegar i Austlandsområdet og over mot Sverige.

Petterson teiknar opp for oss eit nokså klassisk mannsportrett, ein mann fylt av tristesse, som ikkje heilt ut fiksar tilveret, men som tyr til kvinner, alkohol og bilkjøring for å bygge bruer over til morgondagen. Den same strategien, bortsett frå bilkjøringa, var kjent også på den bibelske Forkynnarens tid.

Samtidig er det stadige sprekker i den noko noir-prega mannsskildringa. Arvid er forfattar, for det første, og har ein hang-up på Simone de Beauvoir. Han har eit rikt indre liv. I det ytre tenderer han mot det loslitne. For å klare seg gjennom kvardagen, må han «juge» – kanskje også for seg sjølv.

Religiøs rørsle

Etter kvart mister Arvid det regelmessige samveret med dei tre døtrene sine. Han har ingenting att. Det vil seie, han har ikkje ingenting, men ofte kjennest det slik. Denne Job-aktige kjensla av meiningstap blir i romanen følgd av nokså hyppige referansar til kristendommen. Rørsla mot det religiøse merka eg også i Pettersons førre roman, Jeg nekter, som inkluderte fleire passasjar om Jesus og kristen tru. Om vi ser bort frå dei lett harselerande skildringane av den kristne naboen, Jondal, og turane til ein kristen bokhandel i svenske Arvika, dukkar religiøsiteten i Menn i min situasjon først og fremst opp som ei kjensle av å kjenne Guds blikk i nakken. Arvid føler seg observert, og med påfølgjande skuldkjensle – ikkje berre fordi han på eit tidspunkt har seg med Jondals kone, fru Jondal.

Klasse

Skuldkjensla heng for Arvid som eit duvande slør i rommet, ei udefinerbar kjensle av å ha gjort noko gale, noko ein blir arrestert for, for å seie det med Kafka, utan at ein veit heilt sikkert kva ein har gjort feil. Denne skuldkjensla har moglegvis med religion å gjere, slik Arvid viser seg å vere vaksen opp med ein baptistfamilie og sjølv gjekk i kyrkja i «et begrenset, panisk tidsrom». Og ho har med klasse å gjere, slik alle Pettersons bøker målber arbeidarklassens underdogkjensle i møte med det borgarlege. I Menn i min situasjon er klassespørsmålet definerande til den minste trevl.

Petterson skriv med sedvanleg godt språk, på moderat radikalt bokmål, med veksling mellom lange setningar med mange ledd og korthogde utsegner som «Jeg likte å røyke.» eller «Jeg mistrivdes.». Han teiknar eit truverdig portrett av ein mann utan retning. Eit talande sitat er som følgjer: «Egentlig visste jeg ikke hva jeg ville. Hver enkelt ting var viktig når den kom, men når den dro forbi og så vidt lå bak meg, var den allerede i oppløsning. Jeg greide ikke stoppe det. Og så kom neste ting, neste person, kanskje neste kvinne, og det førte ingensteds hen.»

Familie

Likevel ligg ikkje det mest kvalitative i romanen i sjølve mannsportrettet, som sjeldan står og dirrar, heller ikkje når hovudpersonen hamnar i slåstkamp på byen julaftan. Det som verkeleg set seg i mellomgolvet, ligg snarare i skildringa av Arvids forhold til døtrene sine, spesielt eldstejenta Vigdis.

Familierelasjonar har alltid stått sentralt i Pettersons bøker, ikkje minst Arvid Jansens forhold til si danske mor, og sorga over å miste mor, far og to brør i brannen på Scandinavian Star. Denne tragedien ligg under også i den nye romanen, om enn ikkje som ei forklaring på «situasjonen» Arvid no er i. Arvids nederlag, sigrar og utfordringar som far, i kjølvatnet av tapa han har lidd, gir romanen den nerven han elles opererer i utkanten av.

Menn i min situasjon løftar seg frå å vere ei passeleg interessant forteljing om ein mann i krise til å bli ei eksistensiell sjølvransaking av vesentleg format.

E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig