Sjølv om berre éin av fem professorar er kvinner, har kjønnsbalansen vorte litt betre på professornivå òg. Andelen kvinner har auka frå 17 prosent i 2013 til 21 prosent i 2021, men det er langt igjen til likestilling.
Det kjem fram av data Statistisk sentralbyrå (SSB) har innhenta frå 18 einingar i universitets- og høgskulesektoren og 12 einingar i instituttsektoren for åra 2013, 2017 og 2021.
I instituttsektoren er det høgast del kvinner. Andelen har auka frå 34 til 39 prosent i perioden 2013 til 2021.
I 2021 jobba totalt 3.263 forskarar/faglege med forsking og utviklingsarbeid (FoU) innanfor naturvitskap i evalueringseiningane. Dei var fordelte nær 50–50 mellom universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren.
Talet har vakse med 637 personar sidan 2013, med ein vekst i universitets- og høgskulesektoren på 31 prosent og i instituttsektoren på 18 prosent.
Aldersstrukturen har halde seg stabil. Professorane var i gjennomsnitt 55 år, førsteamanuensis 45 år, forskarar/postdoktorar 36 år og stipendiatane 29 år.
Det er i universitets- og høgskulesektoren gjennomsnittsalderen blant personalet er høgast. Andelen av professorane som var 62 år og eldre, steig frå 26 prosent i 2013 til 28 prosent i 2021 for einingane her.
(©NPK)