«Be før du stemmer» lyder oppfordringa frå profilerte forkynnarar i USA. Mens folk går til stemmelokala, samlast fleire til forbøn – både for Trump og Biden.

Av

Saman med sine 9 millionar følgarar inviterte den markante amerikanske predikanten Franklin Graham (son til Billy Graham) til live-bøn på Facebook måndag.

Der falda han mellom andre for religiøs fridom og «det ufødde barn». Han er tilhengar av Donald Trump.

«Pray before you vote» (be før du stemmer) er oppmodinga hans.

Ei siste mobilisering i sosiale medium

Graham er ikkje åleine om å prøve å nå ut til dei kristne veljarane i sluttspurten. Fleire jobbar for å kople kristne verdiar til Donald Trump. Charlie Kirk er ein av dei mest populære, og er særs aktiv på Twitter, YouTube og nyheitskanalar desse siste timane:

Ikkje minst jobbar Donald Trumps «eigne» pastor Paula White-Cain iherdig med videoar og opptredenar for å få presidenten valt att:

PAULA

Også den baptistiske pastoren Jack Graham uttrykker støtta si eksplisitt:

TWITTER

Pastor: – Ha bibelen i ei hand, og avisa i den andre

«Teologien i forkynninga mi er at kvar gudsteneste bør ha bibelen i den eine handa og avisa i den andre» sa Dr. Alyn Waller, pastoren i den største svarte kyrkja i Philadelphia til Politico nyleg.

Sidan pandemien starta har han brukt video-strøymingar frå kjellaren aktivt, og når rundt 50.000 personar med gudstenestane sine. Dei har han brukt til å jobbe for ei politisk endring.

Waller vil ha Trump ut av Det Kvite Hus, og meiner amerikanarane stemmer på «sjela i demokratiet vårt i år», ifølgje Politico. No oppdaterer pastoren fleire gonger dagleg med val-videoar, og seier før valdagen: «Leit etter dei subtile nikka, teikna og tankane frå Gud»:

VIDEO

Rekord-opprop for Biden

Fleire kristne leiarar slår følge med Waller politisk. Ifølgje tal frå Pew Research Center, har også støtten til Donald Trump frå dei kvite evangelikale kristne gått noko ned sidan i sommar. I september samla rekordmange kristne leiarar seg i ein kampanje for demokratiske Joe Biden. Meir enn 1600 profilar har signert støtteerklæringa.

Gruppa «Pro-life Evangelicals for Biden» har òg markert seg i innspurten. Ei av profilane som har skrive under er Jerushah Duford, barnebarnet til Billy Graham.

Dette skreiv ho på Twitter i går:

– Kvite kristne er flinkare til å stemme

USA-ekspert Hilde Restad peiker i Vårt Land-podkasten «God Bless America» på kor mykje dei kristne betyr ved eit val:

– Dei har mykje meir makt enn dei har storleik i befolkninga, fortel Bjørknes-forskaren.

I 2016 utgjorde kvite kristne 43 prosent av befolkninga i USA, men var 55 prosent av veljarane. Ifølgje restad pågår det ein stor demografisk revolusjon, kor landet blir mindre kvitt og mindre kristent:

– Men når det kjem til makta i stemmelokalet så er kvite kristne overrepresenterte, seier ho.

– Det er fordi dei er mykje flinkare til å stemme. Ein del kyrkjesamfunn på den konservative sida av politiske spekteret er veldig politiske, og mobiliserer og snakkar om politikk i kyrkja, forklarar Restad.

---

Fakta:

---

E-avisen er dessverre ikke tilgjengelig