– Eg trur mange sette kaffien i halsen då eg sa eg skulle begynne å jobbe i ein kyrkjelyd, seier Kim Hansen og ler.

38-åringen ser seg sjølv utanfrå idet han dreg opp glasdøra til det moderne kyrkjebygget ein tysdag i september 2017. For å forstå kvifor denne situasjonen er så rar, nærmast utenkeleg, må vi enno nokre år tilbake i tid.

Vi er i 2010, og i ein periode kor Kim kallar seg «ein lukkeleg, glad gut». Så, frå ein dag til ein annan, kjenner den aktive 26-åringen beina svikte under seg. Han byrjar å miste kjensla i eit stort belte over magen. MR-bilda visar ingenting. Kim får beskjed om å komme tilbake om eit år.

Året går, smertene består, og frå sjukehuset ringer dei og ber om å få legge han inn ei veke. På Rikshospitalet får han diagnosen: Ryggmergsbrokk, ein tilstand som er irreversibel.

Operasjonar og opptrening blir fulltidsjobben hans, i lang tid framover. Kim lærer seg å gå for andre gong i livet. Drivkrafta etter å kunne bidra igjen er det som får han opp frå senga, via «preikestolen», til forsiktige steg på fotsolen.

Kim kastar endeleg krykkene, og flyr helikopter til sin første plattformjobb i Nordsjøen. Eit halvt år seinare, i 2015, feiar oljekrisa innover med full kraft.

– Halve Rogaland mistar jobben. Det gjer eg og.

Presten ved postkassa

Saman med «halve Rogaland» søker han på ledige butikkjobbar, eigentleg det meste som finst, men ingenting går i boks. På CV-en til Kim står det i tillegg nokre fysiske utfordringar.

– Eg har hatt to jobbar i livet mitt. Eg har laga mat og eg har jobba i Forsvaret. Ingenting av det er veldig greitt å gjere med ryggmergsbrokk, seier han.

Han aktar å komme seg ut i arbeidslivet, eitt som kan vare, og byrjar på eit utdanningsløp i økonomi gjennom Nav. Å vere i arbeidstrening er ein del av programmet.

---

Faktatittel H4

  • Faktaboks er skilt ut med tre strekar. Fjern alt frå dei tre strekane over og nedover, dersom artikkelen ikkje skal ha fakta.
  • Punkt to.

---